Cry Baby Cry
Cry Baby Cry Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 16. juli 1968 EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:03 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Cry Baby Cry» er ein song med The Beatles, skriven av John Lennon, men med bidrag frå Paul McCartney. Han vart gjeven ut i 1968 på albumet The Beatles.
Songen er basert på songar og soger Lennon hugsa får barndomen sin, men har ein vri: Godnattsongar for barn dreier seg vanlegvis om å trøyste barnet, som i «hush little baby, don't you cry», men Lennon går den andre vegen: Berre gråt! Songen vert slik sett ein slags «anti-voggesong» med islett av uhygge:
- Cry, baby, cry
- make your mother sigh
- She's old enough to know better
- So cry, baby, cry
Teksten har visse likskapar med den gamle engelske barnesongen «Sing a Song of Sixpence» og er truleg, som mange barnesongar, meir bygd på leik med rim og reglar enn noko eigentleg «djupare» bodskap. Lennon såg ikkje sjølv songen som eit særleg viktig arbeid.
Songen går rett over i ein særs kort og namnlaus song av McCartney som avrundar det heile:
- Can you take me back where I came from
- Can you take me back
Songen sklir så rett over i ein annan «anti-song», den underlege og ikkje særleg lyttarvenlege og eksperimentelle «lydmontasjen» til Lennon og Yoko Ono; «Revolution 9».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Per Ian MacDonald:[1]
«Cry Baby Cry»
- John Lennon – solo- og harmonivocal, akustisk gitar, piano, orgel
- Paul McCartney – bassgitar
- George Harrison – sologitar
- Ringo Starr – trommer, tamburin
- George Martin – harmonium
«Can You Take Me Back»
- Paul McCartney – solovokal, akustisk gitar
- John Lennon – perkusjon, maracas
- Ringo Starr – bongo
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Ramsey Lewis spelte inn ein instrumentalversjon av songen i 1968 på albumet hans Mother Nature's Son.[2]
- Commander Cody and His Lost Planet Airmen spelte denne songen i 1987 på albumet Flying Dreams.[3]
- Fool's Garden spelte inn songen i 1991 på debutalbumet Fool's Garden.[4]
- Throwing Muses spelte inn songen som B-side til singelen «Not Too Soon» i 1991.[5]
- Punkrockbandet Samiam frå California spelte inn ein versjon av songen i 1997 på albumet deira You Are Freaking Me Out.[6]
- Phish spelte denne songen som ein del av White Album-framføringa deira som kom ut på Live Phish Volume 13,[7] og i 1998 på Hampton Comes Alive.[8]
- Bardo Pond spelte inn ein space rock-aktig versjon i 2006 på albumet deira Ticket Crystals.[9]
- Katie Melua spelte denne songen i 2006 og gav han ut på singelen «Spider's Web».[10]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cry Baby Cry» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2009.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (2nd revised utg.). London: Pimlico. ISBN 1-84413-828-3.
- ↑ MacDonald 2005, s. 296.
- ↑ «Mother Nature's Son - Ramsey Lewis». AllMusic. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Flying Dreams - Commander Cody and His Lost Planet Airmen». AllMusic. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Fool's Garden - Fool's Garden». Discogs. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Not Too Soon - Throwing Muses». AllMusic. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «You Are Freaking Me Out - Samiam». AllMusic. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Live Phish, Vol. 13: 10/31/94, Glens Falls Civic Center, Glens Falls, NY - Phish». AllMusic. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Hampton Comes Alive - Phish». AllMusic. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Bardo Pond - Ticket Crystals». Discogs. Henta 16. mars 2018.
- ↑ «Katie Melua – Spider's Web». Discogs. Henta 16. mars 2018.