Colin Archer
Colin Archer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. juli 1832 Larvik |
Død |
8. februar 1921 (88 år) |
Yrke | konstruktør, skipsbyggjar, skipsbygging |
Colin Archer på Commons |
Colin Archer (22. juli 1832–8. februar 1921), fødd på Tollerodden i Larvik, død same stad, var båtkonstruktør og båtbyggjar. Han vart særleg kjend for konstruksjonen og bygginga av polarskipet «Fram» på oppdrag frå Fridtjof Nansen. I tillegg konstruerte og bygde han lystbåter, losbåtar og redningsskøyter. Båtar konstruert av han eller i same stil som losbåtene og redningsskøytene, vert gjerne kalla Colin Archer-skøyte.
Colin Archer-bukta på Nabljudenijøya i Karahavet vart namngjeve av baron Eduard Toll. Colin Archer bygde polarskipet hans «Zarja», som han nytta på ekspedisjonar i havområda nord for Russland, der han og skipet òg forsvann.
Archer Peak i Victoria Land i Antarktis er ein fjelltopp kalla opp etter Archer. Archer konstruerte både «Fram» og DS «Southern Cross» som vart nytta til tidlege ekspedisjonar til Antarktis.