Colin Allen
Colin Eric Allen | |||
Colin Allen, 1974 | |||
Fødd | 9. mai 1938 (86 år) Bournemouth i Hampshire (no Dorset) i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bournemouth | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1958–2012 | ||
Sjanger | Blues | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Zoot Money's Big Roll Band Dantalian's Chariot John Mayall's Bluesbreakers Mick Taylor Focus Bob Dylan Stone the Crows Rod Stewart The British Blues Quintet Brian Joseph Friel | ||
Verka som | jazzmusikar, trommeslagar, songtekstforfattar, låtskrivar |
Colin Eric Allen (fødd 9. mai 1938) er ein engelsk trommeslagar og låtskrivar, ofte innan blues.
Allen byrja å spele trommer først då han var 18 år gammal og byrja etter kvart å spele med lokale jazzmusikarar i Bournemouth-området. I 1963 vart Allen medlem av Zoot Money's Big Roll Band, med mellom andre Andy Summers (seinare i The Police).[1] Allen flytta til London i 1964 i lag med Summers. Han har etter kvart spelt trommer for mange amerikanske og britiske musikarar, inkludert Bob Dylan, John Lee Hooker, Sonny Boy Williamson, Memphis Slim, Solomon Burke, John Mayall's Bluesbreakers, Mick Taylor, Focus, Donovan, Stone The Crows, Georgie Fame, Brian Joseph Friel,[2] og The British Blues Quintet med klaverspelaren Zoot Money, bassisten Colin Hodgkinson og vokalisten Maggie Bell.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Colin Allen» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Focus-biografi
- ↑ Zoot Money Arkivert 11. oktober 2003 ved Wayback Machine. Zoot Money.org
- ↑ Colin Allen at Allmusic