Hopp til innhald

Claudia Losch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claudia Losch


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. januar 1960 (64 år)
Wanne-Eickel
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 1984 – Kulestøt kvinner, 1987 IAAF World Indoor Championships – women's shot put, 1989 IAAF World Indoor Championships – women's shot put, 1986 European Athletics Championships – women's shot put, 1990 European Athletics Championships – women's shot put, 1984 European Athletics Indoor Championships – women's shot put, 1985 European Athletics Indoor Championships – women's shot put, 1986 European Athletics Indoor Championships – women's shot put, 1988 European Athletics Indoor Championships – women's shot put, 1990 European Athletics Indoor Championships – women's shot put

Claudia Losch (fødd 10. januar 1960) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Wanne-Eickel som vart olympisk meister i kulestøyt i 1984.

Losch vart vesttysk meister i kulestøyt i ti år på rad, 1982-91. Heile denne tiårsperioden høyrde ho med i verdseliten i øvinga. Under dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles stod Losch og rumenske Mihaela Loghin i ei klasse for seg med støyt langt over meteren lengre enn bronsevinnaren. Losch tok leiinga i den fyrste omgangen med 19,97 m og auka til 20,31 m i den andre. I den fjerde omgangen gjekk Longhin i teten med eit støyt på 20,47 m, før Losch i sitt siste forsøk støytte kula 20,48 meter.

Sesongane frå 1986 til 1991 enda Losch fire gongar på fjerdeplassen i kuletevlinga i dei største internasjonale meisterskapane, den femte gongen, Sommar-OL 1988, vart ho nummer fem. Nærast medalje desse åra var ho ved VM 1987 og EM 1990 då ho hamna høvesvis tre og fire centimeter bak to ulike bronsevinnarar frå Aust-Tyskland.

Den 23. august 1987 støytte Losch kula heile 22,19 meter i Hainfeld i Austerrike, hennar livs lengste støyt.

Losch la opp etter 1992-sesongen. Gjennom det meste av hennar tid på toppnivå gjekk talrike rykte om bruk av dopingmidlar i den treningsgruppa ho tilhøyrde. Noko som seinare vart stadfesta, utan Losch nokon gong testa positivt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]