Clarks element
Utsjånad
Clarks element er eit elektrisk element konstruert av J.L. Clark. Det vert nytta som normalelement ved måling av elektrisk spenning. Den positive polen består av kvikksølv omgjeven av ei blanding av kvikksølv(I)sulfat og sinksulfat, den negative polen består av sinkamalgam. Elektrolytten er ei konsentrert løysing av sinksulfat i vatn. Den elektromotoriske spenninga ved 18 °C er 1,4292 volt, og han minkar med 0,00123 volt per grad temperaturstigning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Clarks element i Store norske leksikon. Henta 24. juli 2012.