Hopp til innhald

Cimabue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cimabue

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 1240
Firenze
Død

1302 (62 år)
Pisa

Yrke kunstmålar
Cimabue på Commons

Cimabue (kring 1240–kring 1302), opphavleg Cenno di Pepo og også kjend som Giovanni Cimabue, var ein italiensk biletkunstnar som i hovudsak arbeidde i Firenze, byen der han var fødd. Han vert halden som den fyrste store fornyaren av italiensk målarkunst. Ifølgje Giorgio Vasari var han læraren til den tidlege store renessansekunstnaren Giotto di Bondone.[1]

Detalj frå det måla krusifikset i Arezzo.

Livsløpet til Cimabue er så godt som ukjent. Han byrja sannsynlegvis å arbeide i ein mosaikkverkstad i Firenze. Kring 1272 arbeidde han i Roma og 1301-02 i Pisa. Ifølgje Vasari døydde han i Pisa.

Krusifikset i Arezzo.
Madonna i Santa Trinitá, kring 1280-90.

Som målar var Cimabue i yngre år sterkt påverka av den bysantinske kunsten, men endra stil gjennom å uttrykke meir plastiske former, tredimensjonalitet og kjensler hos figurane han måla.

Gradvis tok han avstand frå den vesteuropeiske mellomalderske deformasjonen. Han laga då bilete som var mindre stiliserte, men samstundes monumentale og intense. Gjennom denne kunstoppfatninga vert Cimabue rekna som banebrytande for det italienske måleriet.

Få verk er med visse tilkjent han. Eit arbeid som uomtvisteleg er laga av Cimabue er mosaikkbiletet av Frelsaren og evangelisten Johannes i apsis til domkyrkja i Pisa (1301-02). Johannes-figuren der er laga av Cimabue. Vasari nemner elles ei rad andre verk som skal ha vore av Cimabue. Ein reknar også Madonnabiletet frå San Francesco i Pisa (no i Louvre), krusifikset i Santa Croce i Firenze og krusifikset i San Domenico i Arezzo og Madonna frå San Trinità same staden (no i Uffiziane) som sikkert knytte til han. Cimabue skal også ha vore sysselsett med større mosaikkarbeid i Siena, like eins i kyrkja Basilica di San Francesco i Assisi, der det er ei heil rekke livlege, men dårleg bevarte veggmåleri som Cimabue har måla.

Cimabue vart beundra av sine samtidige, og fekk mange etterliknarar. Vasari såg på Cimabue som grunnleggjaren av den nye stilen i målarkunsten, målaren som fremja ei meir naturtru kunstretning, og som til dels gav nytt liv til dei tradisjonelle og stive bysantinske formene, dels danna det naudsynte grunnlaget for gjennombrotet til eleven sin, Giotto.

Dante omtala Cimabue som den leiande biletskaparen før Giotto. I Dante sin Den guddommelege komedie opptrår Cimabue i skjerselden, grunna den sterke sjølvvurderinga til målaren.

  1. Giorgio Vasari, Lives of the Artists. Translated with an introduction and notes by J.C. and P Bondanella. Oxford: Oxford University Press (Oxford World’s Classics), 1991, pp. 7–14. ISBN 978-0-19-953719-8. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  • Giovanni Cimabue (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 11. november 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cimabue