Christian Ihlen
Christian Ihlen | |||
| |||
Fødd | 26. november 1838 Modum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 14. januar 1901 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Moderate Venstre | ||
Yrke | politikar, handelsmannn, bonde | ||
Alle verv |
|
Christian Johansen Ihlen (26. november 1838–14. januar 1901) var ein norsk handelsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Han røysta i lag med Moderate Venstre.
Ihlen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han eit år på Tordenskjoldskulen i Holmestrand, og var så sjømann i tre år. Sidan arbeidde han som handelsbetjent i Fredrikshald og i Hokksund. Frå 1867 dreiv han forretning i Drammen. År 1871 overtok han garden Ullern i Øvre Eiker etter svigerfaren, og var sidan gardbrukar.
Ihlen var medlem av heradsstyret 1882-91, ordførar i Eiker 1884-85 og det utskilde heradet Øvre Eiker 1889-91. Han var presten sin medhjelpar frå 1874, og medlem av tilsynskomiteen for Randsfjordbana. Ihlen representerte Buskeruds amt på Stortinget i perioden 1889-91. Han var medlem av næringskomite nr 1.
Han døydde på garden sin i Øvre Eiker i 1901.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914