Chris Hughton
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Christopher William Gerard Hughton | ||
Fødd | 11. desember 1958 (65 år) | ||
Fødestad | Forest Gate i London i England | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Trenar (tidlegare høgreback) | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Nottingham Forest (trenar) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1979–1990 | Tottenham | 297 | (12) |
1990–1992 | West Ham | 32 | (0) |
1992–1993 | Brentford | 32 | (0) |
Totalt | 361 | (12) | |
Landslag | |||
1979–1991 | Irland | 53 | (1) |
Trenar for | |||
1997 | Tottenham Hotspur (midlertidig) | ||
1998 | Tottenham Hotspur (midlertidig) | ||
2008 | Newcastle United (midlertidig) | ||
2009–2010 | Norwich | ||
2011–2012 | Birmingham | ||
2014-2019 | Brighton | ||
2020– | Nottingham Forest | ||
Landslagstrenar for | |||
2003–2005 | Irland (assisterande trenar) | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Christopher William Gerard Hughton (fødd 11. desember 1958 er ein fotballtrenar og tidlegare -spelar, fødd i England, men mangeårig landslagsspelar for Irland. Han er sidan oktober 2020 lagsjef i Nottingham Forest.
Hughton var sideback i Tottenham Hotspur frå 1979 til -90. Han var med om å vinne FA-cupen i 1981 og i 1982, og UEFA-cupen 1984.
Hughton spelte 53 landskampar i tida 1979-91. Hans einaste landslagsmål kom då Irland vann 6-0 over Kypros i ein VM-kvalifiseringskamp 19. november 1980.
Sidan 1997 har Hughton vore lagsjef i 6 engelske fotballklubbar, lengste tida i Brighton & Hove Albion FC frå 2014 til 2019.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av UEFA-cupen: 1984 med Tottenham Hotspur
- Vinnar av FA-cupen: 1981 og 1982 med Tottenham Hotspur
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chris Hughton» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2020.