Chibchanske språk
Chibchanske språk | ||
Klassifisering: | Eigen språkfamilie, eller kanskje ei undergruppe av lenmichíspråk | |
Vidare inndeling: |
| |
Område: | Mellom-Amerika, frå austlege Honduras til nordlege Colombia | |
Talarar: | Ca. 250 000 | |
Glottolog: | chib1249 | |
ISO 639-5: | cba | |
|
Chibchanske språk er ein språkfamilie i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Dei chibchanske språka blir snakka frå austlege Honduras i nord, til nordlege Colombia og nordvestlige Venezuela i sør, noko som òg omfattar område i Nicaragua, Costa Rica og Panama. Det er i dag 16 chibchanske språk som framleis er i bruk. Dei vert tala av til saman av over 250 000 menneske. Det historisk viktigaste chibchanske språket, muisca, òg kjend som chibcha, vart snakka av innbyggjarane i Bogotá då europearane invaderte Amerika, og er i dag utdøydd. Dei største chibchanske språka i dag er guaymí og kuna, som begge hovudsakleg vert tala i Panama.
Dei chibchanske språka har utvikla seg frå urchibchansk og stammar sannsynlegvis opphavleg frå området rundt grensa mellom Panama og Colombia, der ein finn den største variasjonen av chibchanske språk. Dei chibchanske språka har tidlegare vorte assosiert med andre språkfamiliar i den makrochibchanske hypotesen, som i dag er avvist av dei fleste forskarar. Dei siste åra har det likevel vorte funne moglege bevis for at dei chibchanske språka likevel er i slekt med misumalpaspråk og lencaspråk, som tradisjonelt har vorte rekna som uavhengige språkfamiliar, og at dei dermed utgjer ei undergruppe av ein språkfamilie som vert kalla lenmichíspråk.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Språk | Alternative namn | Land | Mengd brukarar (Ethnologue)[1] |
Mengd brukarar (Quesada)[2] |
Paya | pech | Honduras | 990 (1993) | 600 |
Rama | Nicaragua | 24 (1989) | 24 | |
Maleku | guatuso | Costa Rica | 750 (2000) | 365 |
Bribri | Costa Rica | 11 000 (2002) | 6 000 | |
Cabécar | Costa Rica | 8 840 (2000) | 2 500 | |
Boruca | brunca | Costa Rica | 5 (1986) | 1 |
Teribe | naso | Panama, Costa Rica |
3 000 (1996) | 1 500 |
Guaymí | ngäbere, movere, move | Panama, Costa Rica |
169 000 (2000) | 150 000 |
Bocotá | buglere | Panama | 2 500 (1985) | 2 500 |
Kuna | Panama, Costa Rica |
58 300 (2000) | 70 000 | |
Ika | bíntucua, arhuaco | Colombia | 8 000 (2009) | 8 000 |
Damana | malayo, arsario, guamaca, sanká, marocasero |
Colombia | 1 850 (2007) | 2 800 |
Kogi | kaggabba, cágaba | Colombia | 11 000 (2007) | 7 000 |
Tunebo | uwcuwa | Colombia | 3 550 (2000) | 1 800 |
Chimila | ette taara | Colombia | 2 000 (2006) | 2 000 |
Barí | uwcuwa | Colombia, Venezuela |
5 390 (2001) | 2 500 |
Klassifisering
[endre | endre wikiteksten]- Paya (pech) – trua
- Votisk (pota)
- Maleku (guatuso) – trua
- Rama – nesten utdøydd
- Istmisk
- Magdalensk
Fleire andre utdøydde språk er sannsynlegvis òg chibchanske, utan at det kan slåast fast heilt sikkert. Dette gjeld blant anna voto, som har gjeve namnet til den votiske undergruppa. Det meste utbreidde språket i Costa Rica på 1500-talet, språket huetar, og dessutan corobicí, var sannsynlegvis òg votiske språk.[3] Gammelcatío, nutabe og tairona, som vart snakka i Colombia, var antakeleg cundicocuyiske språk.[4]
Slektskap med andre familiar
[endre | endre wikiteksten]Joseph Greenberg (1987) bygde på arbeida til lingvistar som tidlegare hadde inkludert mange fleire språk i den chibchanske familien, og la fram ein hypotese om ein makrofamilie som han kalla makrochibchansk, eller chibchansk-paezansk, som omfattar, i tillegg til dei chibchanske språka, språket paes, barbacoanske språk og misumalpaspråk. Denne hypotesen har ikkje vorte tilfredsstillande stadfest, og har vorte kritisert av mange seinare lingvistar.
Adolfo Constenla (2005) hevdar å ha funne ein slektskap mellom dei chibchanske språka, lencaspråk og misumalpaspråk, ved hjelp av den komparative metoden. Han kallar denne språkfamilien for lenmichíspråk. Urspråket til denne familien skal ha vorte snakka omtrent 8000 fvt. ein stad på det mellomamerikanske eidet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chibchanske språk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2015.
- Referansar
- ↑ Chibchanske språk hos Ethnologue
- ↑ Quesada (2007), s. 34–35
- ↑ Quilter og Hoopes (2003), s. 56
- ↑ Quilter og Hoopes (2003), s. 58
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Litteratur
- Constenla Umaña, A. (1981). Comparative Chibchan Phonology. (Doktorgradsavhandling, Department of Linguistics, University of Pennsylvania, Philadelphia).
- Constenla Umaña, Adolfo. (1991). Las lenguas del Área Intermedia: Introducción a su estudio areal. Editorial de la Universidad de Costa Rica, San José.
- Constenla Umaña, Adolfo. (1995). Sobre el estudio diacrónico de las lenguas chibchenses y su contribución al conocimiento del pasado de sus hablantes. Boletín del Museo del Oro 38-39: 13-56.
- Greenberg, Joseph H. (1987). Language in the Americas. Stanford: Stanford University Press.
- Holt, Dennis (1986). The Development of the Paya Sound-System. (Doktorgradsavhandling, Department of Linguistics, University of California, Los Angeles).
- Quesada, J. Diego. (2007). The chibchan languages. Editorial Tecnológica de Costa Rica, Cartago.
- Estudios de Lingüística Chibcha, en journal om chibchansk lingvistikk gitt ut av Universidad de Costa Rica.
- Nettstader
- Chibchanske språk hos Ethnologue
- Komparativ chibchansk fonologi
- Makrochibchansk
- Gold and Power in Ancient Costa Rica, Panama and Colombia av Jeffrey Quilter og John W. Hoopes