Hopp til innhald

Cass County i Nord-Dakota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cass County
fylke i USA
Land  USA
Stat Nord-Dakota
Areal 4 579 km²
Folketal 184 525 (1. april 2020)[1]
Kart
Cass County i Nord-Dakota
46°56′N 97°15′W / 46.93°N 97.25°W / 46.93; -97.25
Wikimedia Commons: Cass County, North Dakota

Cass County er eit fylke aust i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota, med austgrense mot delstaten Minnesota. Flatevidda åt fylket er 4 579 km², einast 7 km² er dekt av vatn. Fylket vart grunnlagt i 1872 og organisert året etter.

Landskap i Cass County

Med sine over 180 000 ibuarar er fylket det mest folkerike i delstaten, folkemengda er fordobla dei siste 40 åra. Fylkesadministrasjonen held til i Fargo, den mest folkerike byen i fylket og heile delstaten.

Folketeljinga 2000 registrerte ibuarane som 34,1 % av tysk ætt og 32,4 % av norsk ætt.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cass County i Nord-Dakota
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations and People&g=0100000US,$1600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.