Casentino
Casentino | |||
dal | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Casentino 43°42′00″N 11°49′00″E / 43.7°N 11.816666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Casentino |
Val Brembana er ein dal i Italia som utgjer den øvste delen av elva Arno fram til Subbiano.
Han er ein av fire dalar i provinsen Arezzo. Fjellet Falterona der Arno startar frå er den nordlege grensa til dalen, mellom Casentino og Romagna. Aust for dalen ligg Alpe di Serra og Alpe di Catenaia, som skil Casentino frå dei høgaste delane av Val Tiberina. I vest ligg Pratomagno med Valdarno Superiore på andre sida. Delar av dalen er ein del av Campigna nasjonalpark.
Casention har ein variert topografi og inneheld både sletter og fjell dekte av store skogar. Fjella har trekt til seg mange store helgenar. Det var her St. Romuald eremitasjen ved Camaldoli, og to hundre år tidlegare oppretta Frans av Assisi heilagdomen La Verna her, hovudkvarteret til fransiskanarordenen.
Dei største kommunane i dalen er Bibbiena og Poppi, og av mindre stader finn ein Capolona, Castel Focognano, Castel San Niccolò, Pratovecchio, Stia og Subbiano.
Casentino er nemnd i songen «Ich hab in Penna einen Liebsten wohnen» frp Italieniches Liederbuch av Hugo Wolf.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Casentino» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2007.