Hopp til innhald

Carme-gruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diagram over månane i Carme-gruppa

Carme-gruppa er ei gruppe jupitermånar som truleg har sams opphav. Jupitermånen Carme har gjeve opphav til namnet på gruppa, og er den største medlemen av henne. Alle månane i gruppa har retrograde banar. Alle månane er òg ljosraude, bortsett frå Kalyke som er mykje raudare enn resten.

Det er er truleg Carme som er opphavet til gruppa, der dei 16 andre medlemene av gruppa er bitar som vart slegne av Carme under ein kollisjon med eit anna objekt. Carme sjølv var truleg ein D-type-asteroide, og kollisjonen kan ha hendt både før eller etter at han vart fanga inn av Jupiter.

Desse månane vert rekna til gruppa: