Carlingford Lough
Carlingford Lough | |||
fjord | |||
Land | Irland, Nord-Irland | ||
---|---|---|---|
Carlingford Lough 54°04′24″N 6°11′58″W / 54.073288888889°N 6.1993805555556°W | |||
Wikimedia Commons: Carlingford Lough |
Carlingford Lough (irsk Loch Cairlinn) er ein fjord (engelsk sea lough) som ligg på grensa mellom Nord-Irland i nord og Republikken Irland i sør. I botn av fjorden munnar elva Newry ut, medan Newrykanalen går til den nærliggande byen Newry (kanalen held fram til elva Bann og Lough Neagh).
På nordsida, i County Down, ligg kystbyane Warrenpoint og Rostrevor med Mournefjella bakanfor, og på sørsida ligg Omeath, Carlingford og Greenore, alle på Cooleyhalvøya i County Louth.
3. november 1916 kolliderte to dampskip, SS «Connemara» og SS «Retriever», her og sokk. 94 menneske mista livet.
Carlingford Lough er ein populær stad for segling og sportfiske. På nordsida ligg det gjørmete strender og marskland, som er fôringsområde for ringgås, Branta bernicla hrota. Ved munningen av fjorden ligg det fleire skjer og grusøyar, som er hekkestader for terner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carlingford Lough» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2007.