Campsie Fells
Utsjånad
Campsie Fells | |||
ås | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei skotske låglanda | ||
Campsie Fells 56°01′00″N 4°18′00″W / 56.016666666667°N 4.3°W | |||
Wikimedia Commons: Campsie Fells |
Campsie Fells er ei rekkje åsar i det sentrale Skottland som strekkjer seg frå aust til vest frå Denny Muir til Dumgoyne, i Stirlingshire. Dei sørlegaste delane av åsane strekkjer seg inn i East Dunbartonshire. Det høgaste punktet i åsane er Earl's Seat som er 578 meter over havet. Åsane ligg oppfor landsbyane Strathblane, Blanefield og Lennoxtown i sør, Killearn i vest og Fintry i nord. Fintry Hills ligg lenger nord, Kilpatrick Hills ligg i vest og Kilsyth Hills i aust.
Namnet kjem frå ein av åsane i rekkja, Campsie. Elva Carron spring ut i Campsies.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Campsie Fells» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2011.