Hopp til innhald

Cécile Chaminade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cécile Chaminade

Cécile Chaminade i 1910
Fødd8. august 1857
FødestadParis, Batignolles-Monceau
Død13. april 1944 (86 år)
DødsstadMonte Carlo
OpphavFrankrike
Sjangeropera, klassisk musikk
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist, fløytist
PrisarRidder av Æreslegionen, officier d'Académie

Cécile Louise Stéphanie Chaminade (8. august 185713. april 1944) var ein fransk komposer og pianist.[1] Ho skreiv over 400 musikkstykke,[2] rundt 200 av dei for piano. Georges Bizet kalla henne «mon petit Mozart», ‘min vesle Mozart’.[2] I 1913 blei ho tildelt Æreslegionen som den fyrste kvinnelege komponisten.[3]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]
Cécile Chaminade ved pianoet i 1890.

Cécile Chaminade var fødd i Batignolles, som då var ein landsby utanfor Paris ved foten av åsen Montmartre. Mor hennar var ein dyktig pianist og songar, og merka seg tidleg at Cécile hadde eit særs godt øyre og kjensle for musikk. Ho byrja å komponera svært tidleg.

Far hennar, som var direktør for eit engelsk forsikringsselskap, Cresham, fekk bygd ein villa i Vésinet i 1863.[4] Her blei vesle Cécile kjent med Georges Bizet, sidan mor hennar blei vener med mor hans. Som åtteåring spelte ho noko av musikken sin for Bizet, som var imponert av talentet hennar. Bizet meinte ho burde studera under pianolæraren Félix Le Couppey ved musikkonservatoriet, men faren var imot utdanning for ei jente av borgarklassen, og let henne ikkje bli elev.[3][5] Bizet ordna derfor med privatundervising for henne.

Cécile Chaminade fekk fyrst musikkopplæring av mor si. Seinare fekk ho privatundervising i piano av Félix Le Couppey og Marie Gabriel Augustin Savard, fiolin av Martin Pierre Marsick og komposisjon av Benjamin Godard.[3] Far hennar heldt soarear heime og inviterte kjende komponistar og musikarar. Cécile akkompagnerte Martin-Pierre Marsick, ein ung belgisk fiolonist av veksande renommé. I 1877 skipa Marsick ein strykekvartett som framførte kammermusikk i Salle Pleyel. Under ei av desse framføringane, medan far hennar var på reise, opptredde Cécile Chaminade offentleg for fyrste gong, atten år gammal. Ho spelte fleire av sine eigne stykk.[6]

Frå denne tida fekk verka hennar stadig meir velsette. Chaminade skreiv hovudsakleg stykke for piano og salongsongar, og dei aller fleste blei gjevne ut.[1] Isidor Philipp, leiaren for pianoavdelinga ved konservatoriet i Paris, fremja verka hennar.

I desse tidlege åra turnerte ho fleire gonger i Frankrike. I 1892 debuterte ho i England, der verka hennar var særs populære.[3] Ho vende tilbake til England på 1890-talet og opptredde med songarar som Blanche Marchesi og Pol Plançon, men denne aktiviteten gjekk tilbake etter 1899 og dårlege kritikkar.[5]

Chaminade gifta seg med ein musikkutgjevar frå Marseilles, Louis-Mathieu Carbonel, i 1901. Han var mykje eldre, og ekteskapet deira blei sagt å vera eit fornuftsekteskap. Carbonel døydde i 1907, og Chaminade gifta seg ikkje opp att.[5]

Chaminade skissert i St. Louis av Marguerite Martyn i november 1908

I 1908 vitja Cécile Chaminade USA, der ho fekk ein hjarteleg velkomst.[1] Komposisjonane hennar va storfavorittar hjå det amerikanske publikummet, og stykke som «Scarf Dance» og «Ballet No. 1» var utbreidde i samlingane til samtidige heimepianistar. Ho skreiv eit Konzertstück for piano og orkester, ballettmusikk til Callirhoé og andre orkesterverk. Songane hennar, som The Silver Ring og Ritournelle, var også store favorittar. Ambroise Thomas sa ein gong om Chaminade at «Dette er ikkje ei kvinne som komponerer, men ein komponist som er ei kvinne.»[7] I 1913 blei ho tildelt Æreslegionen som den fyrste kvinnelege komponisten.[3][5]

Concertino Op. 107 framført av Alex Murray (fløyte) og Martha Goldstein (piano)

Innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

I London i november 1901 spelte ho inn sju av sine eigne stykke på grammofon for Gramophone and Typewriter Company. Dei opphavlege innspelingane er samleobjekt, men dei er også blitt gjevne ut att på cd.[5] Før og etter fyrste verdskrigen spelte Chaminade inn mange pianorullar, men etterkvart som ho blei eldre komponerte ho mindre og mindre. Ho døydde i Monte Carlo den 13. april 1944. Leivningane hennar blei seinare flytta til Cimetière de Passy i Paris.[8]

Chaminade blei stort sett gløymd i andre halvdelen av 1900-talet. Hennar Fløytekonsertino i D-dur, Op. 107, skriven i 1902 for Paris Conservatoire Concours, er blitt det mest populære stykket hennar i dag.[1]

Systera til Chaminade var gift med Moritz Moszkowski, som også var ein kjend komponist og pianist.

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • Op. 11 Pianotrio No. 1 i G-moll (1880)
  • Op. 19 La Sévillane, komisk opera (1882)
  • Op. 20 Suite d’Orchestre (1881)
  • Op. 21 Pianosonate i C-moll(1893)
  • Op. 26 Symphonie Dramatique 'Les Amazones' (1884)
  • Op. 34 Pianotrio No. 2 i A-moll (1886)
  • Op. 35 Six Études de Concert (Enoch) (1886)
  • Op. 37 Callirhoë. Ballet symphonique (1888)
  • Op. 40 Concertstück i Ciss-moll for piano og orkester (1888)
  • Op. 89 Thème varié (1898)
Lolita (Caprice espagnol) Op. 54
  • Op. 107 Concertino for fløyte og orkester i D-dur (1902)
  • Op. 117 Duo Symphonique for 2 piano (1905)
  • Op. 120 Variations sur un Thème original (1906)
  • Chanson slave (1890)
  • Les rêves (1891)
  • Te souviens-tu? (1878)
  • Auprès de ma mie (1888)
  • Voisinage (1888)
  • Nice la belle (1889)
  • Rosemonde (1878)
  • L'anneau d’argent (1891)
  • Plaintes d’amour (1891)
  • Viens, mon bien-aimé (1892)
  • L'Amour captif (1893)
  • Ma première lettre (1893)
  • Malgré nous (1893)
  • Si j’étais jardinier (1893)
  • L'Été (1894)
  • Mignonne (1894)
  • Sombrero (1894)
  • Villanelle (1894)
  • Espoir (1895)
  • Ronde d’amour (1895)
  • Chanson triste (1898)
  • Mots d’amour (1898)
  • Alléluia (1901)
  • Écrin (1902)
  • Bonne humeur! (1903)
  • Menuet (1904)
  • La lune paresseuse (1905)
  • Je voudrais (1912)
  • Attente (Au pays de provence) (1914)
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ambache, Diana. «Cecile Chaminade». Women of Note. Henta 26. februar 2014. 
  2. 2,0 2,1 Clémence Guinard (23. mars 2021), Cécile Chaminade, compositrice pionnière et star internationale oubliée, Radio France 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Cécile Chaminade». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica. Henta 26. februar 2014. 
  4. Cécile Chaminade selon Gérard Condé, sur le site de la Société d'histoire du Vésinet.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Summers, Jonathan. «CECILE CHAMINADE». NAXOS. NAXos. Henta 26. februar 2014. 
  6. Les Femmes compositeurs, s. 38.
  7. The Etude Arkivert 2013-10-21 ved Wayback Machine.
  8. «Cimetière de la 13e division». landrucimetieres.fr. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cécile Chaminade