Byrknesøy kapell
Utsjånad
Byrknesøy kapell | |||
kyrkje | |||
Byrknesøy kapell
Foto: Bjarne Thune | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Mjømna | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Johan Tveit | ||
Innvigd | 26. mai 1972 | ||
Sitjeplassar | 200 | ||
Byrknesøy kapell 60°54′02″N 4°50′19″E / 60.900555555556°N 4.8386111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Byrknesøy kapell |
Byrknesøy kapell er eit kapell på Byrknes på Byrknesøyna i Gulen kommune i Vestland.
Kapellet er eigd av Indremisjonen som leigar huset ut til mellom anna Den norske kyrkja. På staden der kapellet står stod det tidlegare eit bedehus, og lokalt vert kyrkjehuset framleis ofte omtala som bedehuset.
Kapellet fekk kyrkjeklokke i 1980, klokka var dels finansiert av ei gåve frå Det Stavangerske Dampskibsselskab. Gåva kom etter forliset til MS «Austri» utanfor Byrknesøyna, der bygdefolket deltok i berginga av mannskap frå skipet.
Byrknesøy kapell ligg under Mjømna sokn i Nordhordland prosti.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Byrknesøy kapell». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 9. mars 2021.
- «Byrknesøy kapell» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Mjømna sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Byrknesøy kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Byrknesøy kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.