Hopp til innhald

Byrådsleiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Byrådsleiaren er leiaren for byrådet i kommunar som praktiserer byparlamentarisme. Byrådsleiaren koordinerer byrådet sitt arbeid, har ansvar for sektorovergripande politikk og har stabskoordinerande ansvar. Byrådsleiaren har også ansvaret for samansetnaden av byrådet, og kan skifte ut medlemmene utan å konferere med bystyret.

Byrådsleiarar i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har Oslo hatt byparlamentarisme, og dermed byråd og byrådsleiar, sidan 1986, Bergen sidan 2000 og Tromsø sidan 2011. Tromsø valte likevel i 2016 å avvikla modellen, og gjekk dermed tilbake til formannskapsmodellen.