Byggverk
Utsjånad
Eit byggverk er noko som er bygd, vanlegvis av menneske men i nokre høve også av ulike dyr. Ifølgje Norsk standard omfattar byggverk «Alt som bygges eller er et resultat av byggearbeid».[1]
Typar
[endre | endre wikiteksten]Det finst ei rekkje ulike typar byggverk. Dei kan delast inn etter kva funksjon dei skal ha, som:
- Bygningar, byggverk laga for å husa noko.
- Trafikkbyggverk, som bruer, vegar, tunnelar, kulvertar, jernbanar, flyplassar, fyrstasjonar og kanalar.
- Forsyningsbyggverk, som akveduktar, vatn- og kloakkleidningar, skorsteinar, fjernsynstårn og høgspentmaster
- Vernebyggverk, som bymurar, dike og anlegg for skredsikring
- Forsvarsbyggverk, som festningar og skansar
- Dyrebyggverk kan til dømes vera maurtuer, beverdammar og fuglereir.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Byggordboka - Byggverk», www.byggordboka.no, henta 1. mai 2021
- Denne artikkelen bygger på «Byggverk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2021.