Hopp til innhald

Burning Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burning Love
Singel av Elvis Presley
frå albumet Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2
Språk engelsk
Utgjeve 1. august 1972
Innspelt 28. mars 1972, RCA Studios, Hollywood, California
Sjanger
Lengd 2:50
Selskap RCA
Komponist Dennis Linde
Tekstforfattar Dennis Linde
Låtskrivar(ar) Dennis Linde
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
«An American Trilogy»
(1972)
Burning Love «Separate Ways»
(1972)


«Burning Love» er ein song skriven av Dennis Linde og opphavleg spelt inn av countrysoul-artisten Arthur Alexander, som inkluderte songen i 1972 på albumet han kalla opp etter seg sjølv. Han vart kort tid etter spelt inn og gjort kjend av Elvis Presley, som fekk den største hitsingelen sin i USA sidan «Suspicious Minds» i 1969. Dette var den siste singelen som nådde topp 10 på American Hot 100 eller poplista.

Elvis Presley-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley sin versjon vart langt meir populær enn originalversjonen, og kom ut på singel 1. august 1972, med B-sida «It's a Matter of Time». Singelen gjekk inn på topp 40 på countrylista og nådde 36. plassen der. Elvis hadde spelt inn songen i RCA sitt Hollywood-studio den 28. mars 1972. Dette vart den siste store hitten hans.[1] Den elektrisk gitaren i opninga vart overdubba og spelt av Dennis Linde sjølv.

21. oktober 1972 gjekk «Burning Love» heilt til andreplassen på Billboard Hot 100, like bak Chuck Berry sin «My Ding-a-Ling».[2] Songen gjekk derimot til topps på Cashbox's Top 40-lista 11. november det året, og han vart den 20. singelen som nådde toppen av ei liste i USA. Songen vart den 40. og siste Elvis klarte å få inn på topp 10 i USA. Det var òg ein av dei siste rockelåtane han spelte inn. Frå 1972 til 1977 fokuserte han mest på balladar, og fleire av desse gjekk inn på Billboard's Hot Country Singles-lista. «Burning Love» var eit av få unntak, i lag med «Promised Land» i 1974.

Han framførte songen på to store produksjonar: konsertfilmen Elvis on Tour (der han måtte ha tekstark fordi songen då var heilt ny for han), og seinare på Aloha from Hawaii.

Songen vart òg gjeven ut på albumet Burning Love and Hits from his Movies: Volume 2 den 1. november 1972. Trass i undertittelen var ingen av dei andre songane på albumet hittar.

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1972) Plassering
Canada 2
USA 2
Irland 6
Storbritannia 7
Belgia 17
Nederland 17
Italia 28
Tyskland 31
Australia 37
Sveits 72

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]