Burgdorf i Bern
Burgdorf | |||
---|---|---|---|
Slottet Burgdorf frå 1175 | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Emmental | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Elisabeth Zäch | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
15,61 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
15 374 984,9 /km² | ||
Koordinatar | 47°03′0″N 7°37′0″E / 47.05000°N 7.61667°E | ||
Høgd over havet | 533 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3400 | ||
Nettstad: www.burgdorf.ch |
Burgdorf (fransk Berthoud) er den største byen i Emmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 15 374 innbyggjarar (2010) og eit areal på 16 km². Kommunesenteret ligg 533 meter over havet. Han var hovudstad i distriktet med same namn fram til 2010, då han vart ein del av det nye distriktet Emmental.[1]
Bysoge
[endre | endre wikiteksten]Borga, som byen har namn etter, vert nemnd første gongen i 1130. Ved borga danna det seg eit samfunn som var i snøgg vekst. År 1273 vart dei første bylovene for Burgdorf nedskrivne, dei såkalla Goldene Handfeste.[2]
Frå 1384 vart Burgdorf underlagd byen Bern.
Mellom 1800 og 1804 var Johann Heinrich Pestalozzi lærar i Burgdorf. Då utvikla han dei pedagogiske metodane som han publiserte i verket Wie Gertrud ihre Kinder lehrt.
I 1899 kunne ein take i bruk ei jarnvegslinje frå Burgdorf til Thun. Det var den første heilt elektriske jarnvegen av større storleik i Europa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «de:Burgdorf BE» frå Wikipedia på tysk, den 29. august 2011.
- ↑ Amtliches Gemeindeverzeichnis der Schweiz, Mutationsmeldungen 2009 / Répertoire officiel des communes de Suisse, Mutations 2009 / Elenco ufficiale dei Comuni della Svizzera, Mutazione 2009 (PDF), Federal Statistical Office, 2009, henta 24. mars 2012
- ↑ Ernst Theodor Gaupp: Deutsche Stadtrechte im Mittelalter, mit rechtgeschichtlichen Erläuterungen. Zweiter Band, Breslau 1852, s. 117-142, online.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]«Burgdorf». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.
- http://www.burgdorf.ch
- http://www.schloss-burgdorf.ch
- Burgdorf (kommune) på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.