Hopp til innhald

Buckminsterfulleren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Buckminsterfulleren er ein type karbon med formelen C60, der molekyla består av 60 karbonatom i kuleform. Bindingane mellom atoma dannar femkantar og sekskantar. Buckminsterfulleren er det minste fulleren der ingen femkantar berører kvarandre; dette destabiliserar strukturen.

Forma på C60-molekylene er og kjent frå lærfotballen.

Buckminsterfullerenet har fått namnet sitt etter den amerikanske arkitekten Buckminster Fuller som lanserte denne forma, den geodetiske kuppelen, mot slutten av 1940-talet. Buckminster Fuller var opptatt av å produsera det i laboratoriet ved hjelp av laserstrålar, men ein trur no for tida at det òg finst naturleg blant anna i sot og i verdsrommet.