Bryllaupsdag
Utsjånad
Bryllaupsdag er dagen eit par gifter seg, og årdagen for bryllaupet, på same måte som fødselsdag. Dei ulike årdagane har gjerne namn etter eit materiale som blir sterkare jo lenger bryllaupet har vart. Nokre par gjev kvarandre gåver laga av dette materialet på bryllaupsdagen.
Historisk har ein gjerne feira sølv- og gullbryllaup på den 25. og den 50. bryllaupsdagen. Dette kunne ein markera med ei signing i kyrkja for det gifta paret, eit opptog frå kyrkja til heimen og ei feiring.[1]
År som gifte | Namn på bryllaupsdagen |
1 | Papirbryllaup, bomullsbryllaup |
15 | Krystallbryllaup |
20 | Porselenbryllaup |
25 | Sølvbryllaup |
30 | Perlebryllaup |
35 | Korallbryllaup |
40 | Rubinbryllaup |
45 | Safirbryllaup; sildebryllaup«Nordlandsposten». Bodø. 23. januar 1945. s. 4. |
50 | Gullbryllaup |
55 | Smaragdbryllaup |
60 | Diamantbryllaup |
65 | Krondiamantbryllaup |
70 | Jernbryllaup |
75 | Kronjuvelbryllaup, atombryllaup[2] |
80 | Platinabryllaup |
85 | Sildebryllaup[3] |
90 | Granittbryllaup[4] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bryllupsdage - Smykkebutikken», smykkebutikken.com, henta 28. oktober 2024
- ↑ «Hvad hedder de forskellige bryllupsdage år efter år», Weddingtales, 30. januar 2020
- ↑ «Til sammen har de vært gift i 120 år». www.avisa-st.no (på norsk). 29. oktober 2021.
- ↑ «Dere rekker neppe å feire granittbryllup». www.abcnyheter.no (på norsk). 11. september 2012. Henta 20. oktober 2024.