Bruravik
Utsjånad
Bruravik var eit ferjeleie i Ulvik kommune i Hardanger og ein del av ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Det ligg på nordsida av Eidfjorden som er ein del av Hardangerfjorden.
Den 7,5 km lange Vallaviktunnelen på fylkesveg 7 opna i 1985 og skapte vegsambandet mellom Bruravik og Granvin. Dette korta ned køyretida mellom Oslo og Bergen over Hardangervidda.
Ferjeleiet vart lagt ned i 2013 då Hardangerbrua opna.