Hopp til innhald

Bruksmatematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bruksmatematikk eller praktisk matematikk (anvendt matematikk) er matematikk som er direkte retta mot bruken utanfor matematikken sjølv, til dømes i fysikk, ingeniørfag og sosialøkonomi. Dette er i motsetnad til rein matematikk. Omgrepet praktisk matematikk er òg vorte nytta i snevrare tyding som først og fremst avgrensar seg til teoretisk mekanikk.