Hopp til innhald

Brukar:F.bendik/«Santa Maria»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kopi av »Santa Maria» . Dette seglande eksemplaret vart funne i Funchal, Madeira,

«Santa Maria» var eit av tre skip som Christofer Columbus tok med seg til Amerika. Hennes styrmann og eigar var Juan dei la Cosa.

«Santa María» var ein karakk på omkring 70 fot og var ekspedisjonens hovudskip . Ho hadde ei besetning på 40 mann.

Dei andre skipa i Columbus' flåte var karavellane Santa Clara, kalla for Niña (jente – eigaren var Juan Niño) og «Pinta» (Den malte). Alle skipa var kjøpt brukt og ikkje bygd med tanke på utforskingsreiser.

«Santa María» var opphavleg kalla «La Gallega» (Galisieren), sannsynlegvis namngjeve etter byggestedet, Galicia, dens besetning syntest å ha kalla ho for «Marigalante».

«Santa María» hadde tre master. Ho var det langsamaste av Columbus' skip, men klarte seg likevel godt under atlanterhavskryssingen. Ho gjekk på grunn ved dagens Môle Saint-Nicolas i Haiti den 25. desember 1492, og gjekk tapt.[1] Tre frå skipet vart seinare brukt til å byggja Môle Saint-Nicolas, som opprindelig heitte «La Navidad» (Jul) då skipsgrunnstøtelsen fann stad på juledag.

Det eksisterer i dag ingen autentisk lignande kopi av dei tre skip i Columbus' ekspedisjon. Adskillege nyare kopiar av «Santa María» har vore bygd, men dei er alle basert på antagelser. Columbus sjølv reknar likevel opp alle segl i sina dagboksnotater. På stormasten (i midten) var storseilet, som ved seiling i svak vind kunne forstørrast med hjelp av to bonnetter som vart surra fast, og dessutan over dette eit mersseil. På fokkemasten (føre) førtes berre fokk. Under baugsprydet førtes ein blinde. Mesanmasten (atter) var rigga med eit latinerseil. Forutan det sistnemnde var alle segl råseil. Dessutan kunne ein setja opp skipsbåtens masa og segl, truleg òg eit latinerseil, på akterdekket.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Attilio Cucari: Segelschiffe – Die Königinnen der Meere, Geschichte und Typologie, München: Bassermann Verlag, 2008, Italienische Originalausgabe:Velieri, Mondadori Electra S.p.A. 2004, Milano
  • Wolfram zu Mondfeld/Peter Holz/Johannes Soyener: Die Schiffe des Christoforo Colombo 1492: Santa María-Nina-Pinta, Koehlers Verlagsgesellschaft, Herford 1991, ISBN 3-7822-0515-4
  • Xavier Pastor: Die Kolumbus-Schiffe, Delius Klasing, Bielefeld 1993, ISBN 3-7688-0815-7

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Maclean, Frances (januar 2008). «The Lost Fort of Columbus». Smithsonian Magazine. Henta 24. januar 2008.