Brugde
Brugde | |
Brugde | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av brugde | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Bruskfiskar Chondrichthyes |
Orden: | Lamniformes |
Familie: | Cetorhinidae |
Slekt: | Cetorhinus |
Art: | Brugde C. maximus |
Vitskapleg namn | |
Cetorhinus maximus |
Brugde (Cetorhinus maximus) er ein haiart som kan verta over 13 meter lang og vege opp til 19 tonn. Brugde er med det den nest største fisken i verda, etter kvalhaien.Fisken lever i Nord-Atlanteren og Stillehavet. Om sommaren finst han langs norskekysten, nord til Norskehavet.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Brugda sym gjennom vatnet og filtrerer maten i seg på ein passiv mate. Maten er dyreplankton og virvellause dyr, spesielt små krepsdyr. Brugdene finn maten i eller nær overflata der dei sym med vidopne munnar og gjellehåra oppreiste.
Fangst
[endre | endre wikiteksten]Brugder vart fanga med harpun i Noreg frå 1750 til 1820, men fangst er no ulovleg. Fangst av brugder er attraktivt på grunn av den store, næringsrike levra. Levra kan utgjera 25 % av vekta til ei brugda. På grunn av den låge formeiringsfrekvensen skal det lite fangst til for å truga bestanden. På verdsbasis er brugda i dag truga grunna overfiske.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- CAPLEX
- fiskeri.no
- HAVFORSKNINGSINSTITUTTET
- Denne artikkelen bygger på «Basking shark» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2012.