Brudesporeslekta
Brudesporeslekta | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Gymnadenia | ||
Artar i Noreg | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Gymnadenia | |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Eurasia |
Brudesporeslekta (Gymnadenia) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]På verdsbasis har brudesporeslekta nokre titals artar, der fleire tidlegare underartar har fått status som sjølvstendige artar.[2][3] I svært mange klassifiseringar, mellom anna i Sverige og Finland,[4][5] er svartkurle (Nigritella nigra) og andre artar i svartkurleslekta Nigritella innlemma i brudesporeslekta, men i Artsdatabanken har ein vald å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt.[6][7]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet Gymnadenia er laga ut frå dei greske orda gymnós (γυμνός), som tyder naken, og adénas (αδένας, gammalgresk ἀδήν), som tyder kjertel.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Artsdatabanken opererer med to artar i Noreg:[8]
- brudespore eller engbrudespore (G. conopsea)
- praktbrudespore (G. densiflora)
Av desse er praktbrudespore teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[6]
I Norden finst elles:
Dersom ein innlemmar svartkurle i Gymnadenia, slik det er gjort i den svenske klassifiseringa, vil hybriden mellom brudespore og svartkurle framstå som ein art i brudesporeslekta, G. ×runei. Når ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt, slik Artsdatabanken har gjort, blir dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) som får eit eige slektsnamn, ×Gymnigritella:[10]
- brudekurle eller raudkurle (×Gymnigritella runei, [Gymnadenia runei]), endemisk for Sverige (NT)[11]
På Dei britiske øyane finst òg:
- grannbrudespore (G. borealis), truleg endemisk (LC)[12][13]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Brudesporeslekta». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «PoWO: Gymnadenia». Plants of the World Online. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Christiane Stark mfl. (2011). «Strong genetic differentiation between Gymnadenia conopsea and Gymnadenia densiflora despite morphological similarity». Plant Systematics and Evolution 293 (1-4): 213–226. ISSN 1615-6110. doi:10.1007/s00606-011-0439-x.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia brudsporrar». Artdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia». LAJI.FI. Henta 1. mars 2022.
- ↑ 6,0 6,1 «Raudlista 2021: Praktbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre brudesporeslekta». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia odoratissima luktsporre». Artdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Mikael Hedrén mfl. (2018). «Evidence for bidirectional hybridization between Gymnadenia and Nigritella». Journal Europäischer Orchideen 50 (1): 43–60. ISSN 0945-7909.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia runei brudkulla». Artdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) brudesporeslekta hos Artsdatabanken
- (en) brudesporeslekta i Encyclopedia of Life
- (en) brudesporeslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) brudesporeslekta hos Dyntaxa
- (en) brudesporeslekta hos ITIS
- (en) brudesporeslekta hos NCBI
- (en) brudesporeslekta hos The International Plant Names Index
- (en) brudesporeslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Gymnadenia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Gymnadenia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Gymnadenia – detaljert informasjon på Wikispecies