Bruck an der Mur
Utsjånad
Bruck an der Mur er ein by og ein kommune i distriktet Bruck-Mürzzuschlag i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 38,4 km² og i kring 15 900 ibuarar. Byen ligg 468 meter over havet, ved åmotet der elva Mürz renn ut i elva Mura.
Bruck er eit viktig knutepunkt i jarnbanenettet i Austerrike. Byen er fyrst og fremst ein handelsstad, andre vesentlege næringar er metall- og trevareindustri.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bruck an der Mur» frå Wikipedia på tysk, den 1. september 2018.