Hopp til innhald

Bronsealderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bronsealder)
To par bronseringar
Frå Herslev Mose, Vejle og Horn Mose, Gjern, Danmark
Frå siste delen av bronsealderen: 600-500 fvt.
Solvogna frå Trundholm, Danmark.

Bronsealderen er perioden i menneskeslekta si historie som var mellom steinalderen (somme plassar koparalderen) og jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder. Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.

Bronsealderen kom til forskjellige tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 fvt. Derfrå spreidde det seg til Hellas 3200 fvt., Aust-Europa 2500 fvt., Vest-Europa 2200 fvt., Kina 2000 fvt., og Skandinavia 1800 fvt.

På grunn av dei fåtalige funna trur vi at bronsen i førstninga stort sett vart bruka berre til smykke og andre pyntegjenstandar, særleg sidan tinn på den tida var så vanskeleg tilgjengeleg. Ei anna årsak til fåtalige funn kan òg vera at desse kostbarheitene rett og slett vart passa spesielt godt på. I tillegg til at råmaterialane var kostbare så kravde sjølve bronsestøypinga mykje kunnskap. Derfor var det nok berre dei mektigaste familiane som eigde smykke og våpen av bronse.

Bronsealderen i Skandinavia

[endre | endre wikiteksten]

Bronsealderen i Skandinavia deler vi i to fasar:

  • Eldre bronsealder (1800-1100 fvt.)
  • Yngre bronsealder (1100-500 fvt.)

Omkring 2000 fvt. kom det i gang ein «internasjonal samhandel», mykje fordi dei på den tida fann ein del tinn i England, noko som gjorde det mogleg å laga våpen og reiskapar i større mengder enn før. Frå omkring 1800 f.v.t. fanst det ein sjølvstendig skandinavisk bronsealderkultur, med Danmark som eit sentralt bindeledd. Kopar og tinn vart for det meste «kjøpt» med rav og skinn. Skinna bytte handelsmennene til seg mot bl.a. flint i Noreg. Så fór dei med båtane sine fullasta av bytevarer lengre sør (gjerne opp Elben i dagens Tyskland), der skinna og ravet vart bytt mot kopar. På heimvegen vart noko av koparen og resten av skinna bytt mot tinn i England.

Det at dette nye og framande materialet kom til Skandinavia skuldast altså sannsynlegvis at det pågjekk ei form for organisert handel, og han må ha vore styrt av ein mektig overklasse, for det var ikkje billig å utruste dei lange båtturane som denne handelen kravde.