Brimnes
Utsjånad
Brimnes var eit ferjeleie som var ein del av ferjesamabandet Bruravik-Brimnes i Hardanger. Det ligg i Eidfjord kommune i Hordaland på sørsida av Eidfjorden, som er den indre delen av Hardangerfjorden.
Ferjeleiet vart lagt ned då Hardangerbrua opna i 2013.
Brimnes eller Brynnes
[endre | endre wikiteksten]Folkeminnesamlaren Halldor O. Opedal argumenterte i bøkene sine for at Brimnes er ei galen form, og at den rette namneforma burde vera Brynnes: «Der brynte dei eller lende med båtane sine på garden, og sjølve seier folki Brynnes med y. Bremnes med e er ei form som kontorfolk hev gripe ut or lufti. HSD brukar denne galne formi. No: Brimnes.»
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus.