Bra
Utsjånad
Bra | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 59,53 km² | ||
Folketal | 29 523 (1. januar 2023)[1] | ||
Bra 44°42′N 7°51′E / 44.7°N 7.85°E | |||
Wikimedia Commons: Bra, Italy |
Bra er ein by og ein kommune i provinsen Cuneo i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 30 000 ibuarar og ei flatevidd på 59 km². Byen, som ligg 285 meter over havet, ligg 50 km sør for Torino og 50 km nordaust for provinshovudstaden Cuneo.
Produksjon av ost er ei større næring i Bra, heimstaden til ostetypen bra. Annakvart år vert ein stor ostefestival arrangert i byen. Bra er fødebyen til aktivisten Carlo Petrini, grunnleggjaren av Cittàslow/Slow Food-rørsla; organisasjonen har også hovudkontoret sitt i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bra» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2013.