Bqarqacha
Bqarqacha | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Koordinatar | 34°14′29″N 35°59′47″E / 34.241521°N 35.996410°E | ||
Kart som viser Bqarqacha.
|
Bqarqacha, òg kalla Bkerkasha (arabisk بقرقاشا) er ein landsby i Bsharri distrikt i Nord guvernement i Libanon. Bkerkasha ligg oppom Qadishadalen.
Bkerkasha består av tre fråskilde busetnader. Hovudlandsbyen Becharri er berre busett om sommaren, og om vinteren bur dei fleste innbyggjarane i Barsa Dahr Al Ein og Jadaydet Bkerkasha i Bkeftein Koura distrikt som grensar til Tripoli i Nord-Libanon.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]I følgje ein lokal tradisjon, kjem namnet Bqarqacha frå det arameiske B'qar Qosho som tyder «særs kald». Namnet finst i historiske kjelder som Bir Auwshi بير اوشاي, eller Biir Rawshi, og under det romerske Severius-dynastiet på 200-talet, vart han kalla Bir’Kasha. Namnet har endra seg frå kanaanittisk/fønikisk til arameisk og så til arabisk, som har forvanska det opphavlege namnet.[1][2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen ligg 1450 meter over havet, so grensar til Qarnet El Sawda og sederskogane i Libanon. Bkerkasha ligg oppom Qadishadalen, ein verdsarvstad. Qanoubindalen til Qadisha var ei eldgammal rute frå Tripoli til Baalbeck og Hammah.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bkerkasha har kanaanittiske og judeisk historie med mange ruinar frå tidleg i bronsealderen, mellom anna på fjellet Jirn Al Yehudi, som var eit stort heidensk kultsenter.
Patriarken Douaihy skreiv at Thacla, dottera til presten Basil av Bsharri, bygde St. Georg-kyrkja i Bkerkasha i 1211[3] (
Bkerkasha har blitt råka av fleire katastrofar i mellomalderen
- 1526 – ei sky av grashopper øydela alle avlingane og skapte svelt.
- november 1556 – Flaum øydela dei fleste husa og vassmøllene.
- 1572 – Det osmanske riket innfører urealistisk høge skattar på innbyggjarane, og skapar den første bølgja med utflytting
- 1635 – slutten av Fakhreddines-styret førte til blodige kampar i Libanonfjella, mange av innbyggjarane flykta til tryggare område.
- 1750-1759 – Hamadeh-herskarane og mobben deira drap og rana landsbybuarane fram til alle innbyggjarane var drivne ut og erstatta av andre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bqarqacha» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wilds, Stephan (1977). Historisch-topographische Bemerkungen zu Stefan Wilds 'Libanische Ortsnamen',» La Toponymie antique: Acts de colloque de Strasbourg. Leiden. s. 14–16, 75–82.
- ↑ Kushke, A. Libanon : Orte mit Namen kanaanäischer Herkunft (Entwurf : A Kushke; techn. Ausfuhrung: U. Muller. s. 81, 175.
- ↑ Duwayhī, I., & Tawtal,, Tawil F. (1951). Tārīkh al-azminah, 1095-1699. : (på arabisk). Bayrūt: al-Matbaaah al-Kāthūlīkīyah. OCLC 23523055.