Bozcaada
Bozcaada | |||
Ténedos / Τένεδος | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Marmara | ||
Provins | provinsen Çanakkale | ||
Koordinatar | 39°49′N 26°03′E / 39.817°N 26.050°E | ||
Areal | 37,6 km² | ||
Folketal | 2 354 | ||
Postnummer | 17x xx | ||
Retningsnummer | 0286 | ||
Bozcaada 39°49′00″N 26°03′00″E / 39.816666666667°N 26.05°E | |||
Kart som viser Bozcaada.
| |||
Wikimedia Commons: Bozcaada | |||
Nettstad: http://www.bozcaada.gov.tr/ |
Bozcaada[1], tidlegare oftast Ténedos (gresk Τένεδος), er ei lita øy i Egearhavet og utgjer distriktet Bozcaada i Çanakkale i Tyrkia. I 2010 hadde Bozcaada 2354 innbyggjarar. Hovudnæringa er turisme, vinproduksjon og fiske. Øya er kjend for druene sine, vinen og raude valmuar.
Øya har eit areal på 39 km2.[2] Fleire holmar og midnre øyar ligg kring øya, som ligg nær Dardanellane. Det er det einaste landlege distriktet i Tyrkia utan landsbyar, og har berre ein stor busetnad, Bozcaada.
Øya er kring 6,5 km frå nord til sør og 11 km frå aust til vest. Den høgaste åsen på øya er 192 meter over havet og ligg nordaust på øya, ovanom byen. Søraustsida av øya er åslendt og kupert, høvande for gjeting av sauer og geiter. Den sentrale delen av øya er generelt flat eller med små åsar, høvande for jordbruk, særleg vindyrking.[3]
Øya har middelhavsklima med ein årleg middeltemperatur på 14 °C og ein årleg normalnedbør på 529 mm.[4] Det renn fleire småelvar på øya, men det er for få ferskvasskjelder, så ein må føre vatn over frå fastlandet.[5] Dei sterke nordlege vindane[6] gjer øya til ein av dei mest høvelege plassane for energiproduksjon i Egearhavsregionen i Tyrkia/[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tenedos» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Oxford Classical Dictionary s. "Tenedos"
- Loeb Classical Library Athenaeus.
- The struggle for justice : 1923-1993 : 70 years of tyrkisk provocation and violations of the Treaty of Lausanne : a chronicle of human rights violations; Citizen’s Association of Constantinople-Imvros-Tenedos-Eastern Thrace of Thrace. Komotini (1993)
- ↑ "TENEDOS [see bozdja-ada]", The Encyclopaedia of Islam, Volume 10, Issues 163-178, Brill, 1998, p. 417.
- ↑ «Bozcaada - Encyclopedia.com». Encyclopedia.com. Henta 7. august 2012.
- ↑ Takaoğlu, Turan; Bamyacı, Onur (2007) Continuity and Change in Rural Land Use on Tenedos/Bozcaada i Takaoğlu (red.) Ethnoarcheological Investigations in Rural Anatolia, Ege Yayınları. p.116-7 [1] Arkivert 2012-03-31 ved Wayback Machine.
- ↑ weatherbase.com accessed on 1 September 2011
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 7. juli 2012, henta 7. august 2012
- ↑ Okyar, Z.; Aktaç, N. (2006) Identification of butterfly fauna of Gökçeada and Bozcaada, Tyrkia Pakistan Journal of Biological Sciences
- ↑ İncecik, S.; Erdoğmuş, F. (1994) An investigation of the wind power potential on the western coast of Anatolia [2]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bozcaada
- Øyguide Arkivert 2017-07-10 ved Wayback Machine.