Huset Bourbon
| |||
Land | Frankrike, Navarra | ||
---|---|---|---|
Grein av | Huset Capet | ||
Titlar | Hertug av Bourbon, Konge av Navarra, Hertug av Vendôme, Konge av Frankrike, Hertug av Orléans, Konge av Spania, Hertug av Parma, Konge av Begge Sicilia, Storhertug av Luxembourg, Hertug av Sevilla | ||
Grunnleggjar | Robert, greve av Clermont | ||
Siste herskar | Karl X av Frankrike | ||
Noverande overhovud | Louis Alphonse, hertug av Anjou, Tronpretendent til kongedømmet Frankrike | ||
Grunnlagd | 1272 | ||
Oppløyst | 1830 | ||
Etnisitet | Fransk | ||
Greiner | Huset Orléans Huset Bourbon-Parma |
Huset Bourbon er ei kongeætt som har regjert i Frankrike, Spania, og noverande Italia.
Det noverande huset Bourbon er ei grein av Huset Capet, gjennom bror til Filip III av Frankrike, Robert av Clermont, som gifta seg med Beatrix, ei dotterdotter til Arcimbold VII, den siste hertugen av det eldre huset Bourbon. Den bourbonske tittelen har fleire gonger vorte ført vidare gjennom kvinneledd. Den første kongen av Frankrike frå dette huset var Henrik IV av Frankrike (1553–1610), son til hertugen av Vendôme og dronning Johanna III av Navarra.
Namnet kjem av stamborga Bourbon l'Archambault i Frankrike. Første huset Bourbon, greven av Bourbon, er kjent sidan 900-talet.
Det franske kongehuset Bourbon vart grunnlagt av Henrik IV av Frankrike. Greiner av det franske huset Bourbon har òg regjert i Napoli og Sicilia og dessutan i Parma og innehar enno den spanske trona. Ei grein av ætta fekk tittelen prins av Condé. Den greina døydde ut i 1830. Det einaste statsoverhovudet av ætta i dag er Juan Carlos I av Spania.
Liste over regentar frå huset Bourbon
[endre | endre wikiteksten]Frankrike
[endre | endre wikiteksten]Datoane viser regjeringstid
- Henrik IV, den store (1589–1610)
- Ludvig XIII, den rettferdige (1610–1643)
- Ludvig XIV, solkongen (1643–1715)
- Ludvig XV, den elska (1715–1774
- Filip II av Orléans (statsminister) (1715–1723)
- Ludvig XVI (1774–1792)
Pretendentar til den franske trona
[endre | endre wikiteksten]- Ludvig XVI (1792–1793)
- Ludvig XVII (1793–1795)
- Ludvig XVIII (1795–1814)
Franske monarkar
[endre | endre wikiteksten]- Ludvig XVIII (1814–1824)
- Karl X (1824–1830)
- Ludvig XIX (1830)
- Ludvig Filip (1830–1848)
Legitime pretendentar til den franske trona
[endre | endre wikiteksten]- Karl X (1830–1836)
- Ludvig XIX (1836–1844)
- Henrik V (1844–1883)
- Johan III (1883–1887)
- Karl XI (1887–1903)
- Jaime I (1903–1931)
- Karl XII (1931–1936)
- Alfonse I (1936–1941)
- Henrik VI (1941–1975)
- Alfonso av Anjou og Cádiz (1975–1989)
- Louis Alphonse av Anjou (frå 1989)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Huset Bourbon» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2011.