Hopp til innhald

Bottheim stoppestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bottheim stoppestad


Stasjonsområde
Stad Bottheim
Distanse 352,13 km frå Åndalsnes
Høgd 648,2 moh.
Opna 19. november 1921
Nedlagd 1990
Arkitekt Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Bottheim stoppestad

Bottheim stoppestad er ein tidlegare stoppestad på Raumabana, opna i 1921 og lagt ned i 1990. Bottheim er ei grend i Lesja kommune som ligg 8 kilometer frå Dombås.

Trafikale høve

[endre | endre wikiteksten]

Bottheim var ein betent stoppestad med billettsal og ekspedering av gods frå opninga og til 1964, då beteninga vart inndregen. I 1973 vart Bottheim nedgradert til haldeplass der toget stoppa viss det var reisande. Frå ruteskiftet i 1988 var det slutt på passasjertrafikken og i 1990 vart stoppestaden formelt lagt ned.

Bottheim hadde ikkje kryssingsspor, men eit gjennomgåande 50 meter langt lastespor med godsrampe.[1]

Trass i at stoppestaden var ubetent, var det mogleg å senda vognlaster til staden til utpå 1980-talet med løyve frå stasjonsmeisteren på Dombås stasjon, som Bottheim var underlagt.[2]

Bottheim var ein "kjerringstasjon" utan stasjonsmeister eller personale med sikkerheitsutdanning. Dei ansette var ekspeditriser som selde billettar, ekspederte gods og handterte postsendingar og pakker.[3]

  • Helma Granerød. f. Kristiansen 1896, ekspeditrise frå 26.3.1921
  • Gusta Kristine Berntsen, f. 1911, ekspeditrise frå 24.10.1957

Stasjonsbygninga

[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad, og var av "Type for Raumabanen", samme bygningstype som til dømes Verma, Marstein og Lesjaskog.[4]

Bygninga vart sett opp mellom 1917 til 1921, kravde 33 475 arbeidstimar og kosta 106 958 kroner. Kostnadene for heile stasjonsanlegget var 192 182 kroner.[5]

Stasjonsbygninga hadde to etasjar og kjellar. Ho var reist i lafta tømmer og kledd med liggjande trepanel. Gavlane hadde ståande vekselpanel. Bygninga hadde saltak som var tekt med skifer. Venteromsdøra og gavlvindauga var ramma inn av ornament i nyrokokko stil. Utanfor ekspedisjonsrommet var eit utbygg mot plattforma med plass for eit innvendig stillverk. Godshuset var i ei sidefløy til stasjonsbygninga.

Fyrste etasje inneheldt ekspedisjonskontor, telegrafistkontor og venterom. I andre etasje var ein tenestebustad med eigen inngang frå baksida. I kjellaren var det lagerrom for mat og brensel, og eit bryggarhus for kledevask. Bygninga fekk lagt inn vatn og toalettar i 1960.

NSB si bygningsregistrering i 1981 omtale Bottheim som i god stand og med middels verneverdi, men bemerka sliten maling, mogleg råte i vatnborda og nokre knuste ruter.[6]

Etter at beteninga vart inndregen vart ekspedisjonslokala brukt som kvilerom og lager for baneavdelinga. Stasjonsbygninga vart riven midt på 1980-talet, medan bygningsdelen med godshuset vart brukt som venterom og kvilebrakke for baneavdelinga til ho vart riven rundt 2005.

Utanom stasjonsbygninga var det ei privétbygning, eit brønnhus og ei dresinbu på stasjonsområdet.

Stasjonen etter nedlegginga

[endre | endre wikiteksten]

Alle bygningar var rivne før 2005, og størstedelen av stasjonsområdet vart grave bort då Europaveg 136 skulle utbetrast rundt 2010.[7].

  1. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 106. 
  2. Noregs Statsbanar (1980). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 01.01.1980 (PDF). s. 11 og 53. 
  3. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 153. ISBN 8291317011. 
  4. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  5. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 102. 
  6. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  7. Heitkøtter, Vidar (22. april 2009). «Bygger ny veg - like smal». gd.no. Henta 2. mai 2024. 

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]