Botanisk hage i Oslo
59°55′5.7684″N 10°46′16.604″E / 59.918269500°N 10.77127889°E
Botanisk hage ligg på Tøyen i Oslo. Den har eit areal på 150 mål, med rundt 45 000 plantar, delt på 7 500 artar frå ulike delar av verda.[1] Da hagen vart skipa i 1814 hadde den 75 mål som låg rundt Tøyen hovudgard.
Botanisk hage er seinare dobla i storleik. Området er delt i tema som systematisk avdeling, nytteveksthage, fjellhage og arboret. Føremålet med hagen er å gje kunnskap om mangfaldet i planteriket og om korleis ein tek vare på dette mangfaldet. Plantar som er truga eller sårbare i norsk natur blir tatt vare på i Botanisk hage. Dei to utstillingsveksthusa Palmehuset og Victoriahuset er ein del av Botanisk hage.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]I 1811 blei det avgjort at Noreg - som da var i union med Danmark - skulle få sitt første universitet. Kong Fredrik VI kjøpte Tøyen hovudgard i 1812 som ei aktuell tomt for universitetet, men universitetet vart seinare bygd ved det som i dag er Karl Johans gate. I staden blei Botanisk hage lagt til Tøyen.[1]
Christen Smith blei utnemnd til professor i botanikk og økonomi i 1814 og fekk ansvar for å leie og byggja opp den botaniske hagen. Han døydde to år seinare. Sjølve verksemda med å byggja hagen blei gjort frå 1815 til 1818 av den tysk-danske gartnaren Johan Siebke. Siebke verka som gartnar i Botanisk hage fram til han døydde i 1857.[2]Hagen blei utforma etter inspirasjon frå engelsk landskapsstil.
Avdelingane i hagen
[endre | endre wikiteksten]- Arboretet
- Dufthagen
- Fjellhagen
- Oldemors hage
- Osloryggen
- Raud- og svartlistebedet
- Systematisk hage
- Urtehagen
- Palmehuset
- Victoriahuset
Musea
[endre | endre wikiteksten]I 1863 blei Botanisk museum skipa og i 1913 flytta museet til bygninga på Tøyen. I 1975 blei Botanisk museum slått saman med Botanisk hage. Hagen og samlingene blei i 1999 ein del av Naturhistorisk museum, saman med Geologisk og Zoologisk museum. Naturhistorisk museum ligg under Universitetet i Oslo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Om Botanisk hage». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 5. mars 2015.
- ↑ «Johan Siebke». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2015.
- ↑ «Palmehuset». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 7. mars 2015.