Borgarrettar
Utsjånad
Borgarrettar er lovgjevne rettar for alle statsborgarar i eit land. Slike rettar er meir vidfemnande enn menneskerettar, men omfattar berre statsborgarar og ikkje andre innbyggjarar i landet. Borgarrettar er verna av Dei sameinte nasjonane sin konvensjon om sivile og politiske rettar, som byggjer på Menneskerettsfråsegna.
Ulike rørsler har arbeidd for borgarrettar i ulike samanhengar. Ei av dei mest kjende rørslene er borgarrettsrørsla i USA, som særleg var aktiv på 1950- og 60-talet. Rørsla arbeidde for lik tilgang til utdanning, politikk, arbeid og tenester for afroamerikanarar som for kvite.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Medborgerliga rättigheter» frå Wikipedia på svensk, den 2. juli 2012.