Hopp til innhald

Blodtype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blodtype er ein måte å klassifisere blod frå ulike individ av same art ut i frå eigenskapar ved blodcellene. Det finst i overkant av tjuge ulike blodtypesystem. Dei to viktigaste er ABO-systemet og Rhesus-faktoren. Ved blodoverføringar er det naudsynt å kontrollere at det blodet som skal tilførast er kompatibelt med blodet til pasienten. Dersom blodtypane ikkje er kompatible, kan det oppstå svært alvorlege komplikasjonar.

Ifølgje http://www.giblod.no, har vi denne prosentvise fordelinga av blodtypar i Noreg: Blodtype A: 49 %, blodtype O : 39 %, blodtype B: 8 % og blodtype AB: 4 %. Dei rhesus-positive (RhD pos) utgjer 85 %, mens 15 % er rhesus-negative (RhD-neg).

Fordelinga av blodgrupper i ulike etniske folkegrupper kan gje ein peikepinn om historiske slektskap og migrasjonar, sjølv om alle folkegrupper både har vandra og er oppblanda med andre. Desse tala tar berre omsyn til blodtype, og ikkje rhesusfaktor. Europeiske folkegrupper blir kjenneteikna av ein særleg høg del av blodtype A, medan asiatiske folkegrupper blir karakterisert med ein høg del av blodtypane A og B. Tabellen er basert på eit utdrag av data frå nettstaden http://bloodbook.com.

Folkegruppe A 0 B AB
Samar 63 29 4 4
Portugisarar 53 35 8 4
Nordmenn 50 39 8 4
Sveitsarar 50 40 7 3
Svenskar 47 38 10 5
Spanjolar 47 38 10 5
Danskar 44 41 11 4
Tyskarar 43 41 11 5
Finnar 41 34 18 7
Ungarar 43 36 16 5
Bulgarar 44 32 15 8
Tsjekkarar 44 30 18 9
Islendingar 32 56 10 3
Irar 35 52 10 3
Skottar 34 51 12 3
Engelskmenn 42 47 9 3
Estarar 36 34 23 8
Latviarar 37 32 24 7
Russarar 36 33 23 8
Polakkar 39 33 20 9
Litauarar 34 40 20 6