Bjarkøya
Utsjånad
Bjarkøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 69°00′10″N 16°29′25″E / 69.00278°N 16.49028°E
|
Areal | 14,6 km²
|
Høgaste punkt | Falkeberget (248 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms
|
Demografi | |
Folketal | 350 (2001) |
Folketettleik | 24 /km² |
Bjarkøya er ei øy i Harstad kommune i Troms. Øya ligg nord for Grytøya og har eit areal på 14,6 km². Det høgaste punktet på øya er Falkeberget på 248 moh. I 2001 hadde Bjarkøya om lag 350 innbyggjarar.
Nergård, det tidlegare kommunesenteret for Bjarkøy kommune, ligg på Bjarkøya. Øya har ferjesamband frå Austnes til Fenes på Grytøya og Altevik på Sandsøya.
Det er òg samband med hurtigbåt fra Austnes til Sandsøya, Harstad og Senja.
Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.