Biri stavkyrkje
60°57′33″N 10°35′31″E / 60.959181°N 10.591879°E
Biri stavkirke vart truleg oppført på andre halvdelen av 1100-talet. Stavkyrkja stod, som dagens kyrkje, på Sigstad eller Biri prestegard (gnr. 26 = 132). Like etter reformasjonen skal ho ha vore ei stavkyrkje med heva midtparti og lågare sideskip og med eit treskipa, smalare, rektangulært kor. Kyrkja skal ha hatt svalgangar rundt om, og ein trur at ho hadde ein takryttar. Omkring 1660 fekk kyrkja «twende nye winger aff bindingswerck», noko som vanlegvis er å forstå som tverrarmar.[1] Stavkyrkja vart avløyst av dagens kyrkje i 1777.
Gjenstandar frå stavkyrkja
[endre | endre wikiteksten]Biri-madonnaen, ein treskulptur frå 1200-talet, befinn seg i mellomalderutstillinga i Historisk museum i Oslo, og det er laga ein kopi til dagens Biri kyrkje.
Lars Borg skar altartavle for kyrkja omkring 1703. Av denne er berre delar bevarte. Eit panel med et relieff av krossfestinga befinn seg i Norsk Folkemuseum, og eit panel med eit nattverdstablå er brukt opp at i altartavla i Nykirke kyrkje i Snertingdal.[2][3] Eit par akantusvengjar frå tavla er i dagens Biri kyrkje,[4] medan eit par evangelistfigurar som ein trur stammar frå tavla, er i Nykirke.[5]
Ein døypefont som ein trur stammar frå stavkyrkja, er eigd av Mjøsmuseet.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Anders Bugge: Biri kirke på Sigstad 1. Stavkirken, i Biri-Snertingdal bygdebok, band 2, s. 35ff.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland fylke (Riksantikvaren, 2015/2016), s. 14
- Roar Hauglid (1950). Akantus. Mestrene i norsk treskurd 2.1. Oslo: Mittet. s. 32–42.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lorentz Dietrichson (1892). «Biri kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 494.
- Biri stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brendalsmo, s. 14.
- ↑ Hauglid, s. 33.
- ↑ Avbilda i Digitalt museum, som også avbilder hele tavlen.
- ↑ Hauglid, s. 35.
- ↑ Hauglid, s. 34.
- ↑ Avbilda i Digitalt museum.