Biała
Utsjånad
Biała | |||
elv | |||
Biała i Bielsko-Biała
| |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 139 km² | ||
Lengd | 28,6 km | ||
Kjelde | Dei schlesiske Beskidane | ||
• høgd | ~800 moh. | ||
Munning | Wisła | ||
Biała 49°44′37″N 18°59′45″E / 49.743611111111°N 18.995833055556°E | |||
Wikimedia Commons: Biała (Vistula tributary) |
Biała er elv sør i Polen og ei av sideelvane til Wisła frå høgre. Ho har kjelda si i Dei schlesiske Beskidane i sidene til fjella Klimczok, Szyndzielnia og Magura i ei høgd på om lag 800 meter over havet. Dei viktigaste landsbyane langs breidda er Bystra Śląska, Bielsko-Biała og Czechowice-Dziedzice.
I mange hundreår var ho ei grenseelv mellom dei historiske landa Schlesen og Veslepolen. Frå 1316 danna ho grensa mellom hertugdøma Cieszyn og Oświęcim, og seinare mellom Polen og dei historiske tsjekkiske landa. Ho skil Cieszyn-Schlesen frå Veslepolen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Biała
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Biała River (Vistula basin)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2008.