Hopp til innhald

Bernadette Zurbriggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernadette Zurbriggen


Statsborgarskap Sveits
Fødd 30. august 1956 (68 år)
Saas-Grund
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972

Bernadette Zurbriggen (fødd 30. august 1956) frå Saas-Grund i kantonen Valais er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann sju renn i verdscupen i alpint i tida 1973-77. Fem av sigrane kom i utforløypa, ein i storslalåm og ein i den alpine kombinasjonen (slalåm/utfor).

Zurbriggen var utforspesialist. Ho var berre i sitt sekstande år då ho meisterskapsdebuterte under vinter-OL 1972 i Sapporo med ein sjuandeplass i utfor. Same plasseringa fekk ho i utforrennet i det neste vinter-OL, 1976, i Innsbruck. Ho deltok då også i slalåm, det enda med 12. plass. I den mellomliggande verdsmeisterskapen i alpint 1974 kom ho på 11. plass i utforrennet. Same plasseringa i same øvinga fekk ho både under verdmeisterskapen 1978 og under vinter-OL 1980 i Lake Placid.

1976-sesongen var Zurbiggen sin beste. Ho kom då på fjerdeplass samanlagt i verdscupen. Tre gongar kom ho på andreplass i utforcupen; 1975, 1976 og 1979. 18 gongar kom ho på pallen i enkeltrenn i verdscupen.

Ho la opp etter 1980-sesongen.

Verdscupsigrar

[endre | endre wikiteksten]
Dato Stad Land Øving
7. mars 1973 Anchorage US-Amerika Storslalåm
15. januar 1975 Schruns Austerrike Utfor
31. januar 1975 Chamonix Frankrike Utfor
3. desember 1975 Val-d’Isère Frankrike Utfor
8. januar 1976 Hasliberg Sveits Utfor
22. januar 1976 Bad Gastein Austerrike Kombinasjon
18. januar 1977 Schruns Austerrike Utfor

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]