Berjozovaja
Utsjånad
Berjozovaja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 3 610 km² | ||
Lengd | 208 km | ||
Middelvassføring | 95 m³/s | ||
Munning | Kolva | ||
Berjozovaja 61°00′52″N 57°08′37″E / 61.01444444°N 57.14361111°E |
Berjozovaja (russisk Берёзовая ) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kolva frå venstre. Elva er 208 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 610 km².
Elva startar der dei tre elvane Severnaja Rassokha, Vostotsjnaja Rassokha og Juzjnaja Rassoka (Nordre, austre og søndre Rassokha) renn saman. Ho renn nrodaustover og munnar ut i Kolva nedanfor landsbyen Korepino.
Dei største sideelvane hennar er Pyram, Zjernovka og Valaj frå venstre, og Inja, Øvre Rasia, Burunduk, Burkim, Vizjaj, Buzjuj, Kremennaja og Nemyd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Берёзовая (приток Колвы)» frå Wikipedia på russisk, den 31. oktober 2008.