Bent Høie
Bent Høie | |||
Bent Høie Foto: Jarle Vines | |||
Fødd | 4. mai 1971 (53 år) Randaberg kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, funksjonær | ||
Utdanna ved | Norsk hotellhøgskole | ||
Ektefelle | Dag Terje Klarp Solvang | ||
Sambuar | Dag Terje Klarp Solvang | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Norsk helse- og omsorgsminister 16. oktober 2013– | ||
Føregangar | Jonas Gahr Støre | ||
Verv | 2. nestleiar i Høgre 9. mai 2010– | ||
Føregangar | Erling Lae | ||
Verv | Stortingsrepresentant 8. april 2000– | ||
Alle verv |
|
Bent Høie (fødd 4. mai 1971 i Randaberg) er ein norsk politikar frå Høgre og helseminister i regjeringa Solberg. Han har sete på Stortinget for Rogaland sidan 2000, og har vore vald inn fast sidan 2001. Han er leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité frå 2009. Høie har vore medlem av arbeidsutvalet til Høgre sidan 2008, og er 2. nestleiar sidan 2010.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Høie er son av supervisor Kurt Høie (1942–) og Solveig Vistnes (1943–), og voks opp i Randaberg nord for Stavanger. Bent Høie gjekk fyrst på grunnskule i Randaberg 1978–1987, og vidare ved handel- og kontorlinja ved Randaberg VGS 1987–1990. Deretter gjekk han eit toårig studium i hotelladministrasjon ved Norsk Hotellhøgskole 1991–1993, og han har dessutan grunnfag i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1991. Høie hadde diverse jobbar ved Sola Strand Hotell 1990–1994. Han var styreleiar i stiftinga Dysleksiforskning 2000–2006.
Politisk arbeid
[endre | endre wikiteksten]Høie kom tidleg inn i politikken, fyrst som leiar i Rogaland Unge Høgre 1990–1992. Medlem av Rogaland fylkesting 1991–1999, Randaberg kommunestyre 1991–1995, Stavanger bystyre 1999–2003, og Rogaland fylkesutval 1999–2000. Sentralstyremedlem i Unge Høyre 1993–1995, og politisk rådgjevar for Stavanger Høgres bystyregruppe 1995–1999. Ved stortingsvalet 1993 og kommunestyre- og fylkestingsvalet 1995 var han valkampsekretær for Rogaland Høgre, og var 3. vararepresentant til Stortinget 1993–1997. Nestleiar i Rogaland Høgre 1997–1999, og 1. vararepresentant til Stortinget frå 1997. Leiar i Stavanger Høgre 2000–2002.
8. april 2000 døydde stortingsrepresentant Jan Johnsen, og Høie rykte då opp som fast møtande representant. I 2001 vart han vald inn som representant nr. 1 frå Rogaland, og tok plass i Stortingets sosialkomité. Han var seinare medlem i Stortingets kommunal- og forvaltingskomité 2005–2009, og har vore leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité sidan 2009.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2001–2001: Varamedlem i Valkomiteen
- 2000–2001: Medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Sosialkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Valkomiteen
- 2009–2013: Leiar i Helse- og omsorgskomiteen
- 2009–2013: Varamedlem i Valkomiteen
- 2009–2013: Medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2009–2013: Medlem i Valkomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bent Høie Arkivert 2010-01-14 ved Wayback Machine. hos Høyre
- Bent Høie hos TV 2
- Bent Høies blogg Arkivert 2010-09-26 ved Wayback Machine.
- Einskildmenn
- Fødde i 1971
- Norske helseministrar
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- Høgrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Folk frå Randaberg