Bent
Utsjånad
Bent er eit mannsnamn, ei dansk form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'. Bent har namnedag den 21. mars. Bent kan òg vera eit slektsnamn.
Namnet finst òg med skrivemåtane Bendt og Beint. Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Ben, Bengt og Bendik, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet var brukt sjeldan i Noreg først på 1900-talet, men bruken tok seg litt opp på 1920- og 1930-talet. I 1950- og 1960-åra voks bruken mykje, til ein topp på over 0,25 % rundt 1970. Deretter gjekk bruken bratt ned. I 2009 var det rundt 2 304 norske menn som heitte Bendik.
I Danmark heitte 1,0 % av menn, eller 27 415, Bent i 2008.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Bent Røiseland (1902-1981), norsk venstrepolitikar
- Bent Fabricius-Bjerre (f. 1924), dansk komponist
- Bent Bredesen (f. 1952), norsk gitarist, vokalist og komponist
- Bent Hamer (f. 1956), norsk filmregissør
- Bent Sofus Tranøy (f. 1961), norsk statsvitar og forfattar
- Bent Høie (f. 1971), norsk politikar
- Bent Sørensen (f. 1958), dansk komponist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Bent hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Bent» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2009.