Benjamin Vogt
Benjamin Vogt | |||
| |||
Fødd | 16. mai 1863 Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 1. januar 1947 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, advokat, redaktør | ||
Utdanna ved | Oslo katedralskole | ||
Far | Niels Petersen Vogt | ||
Barn | Leiken Schjelderup | ||
Alle verv |
|
Paul Benjamin Vogt (16. mai 1863–1. januar 1947) var ein norsk advokat, diplomat og Høgre-politikar, fødd i Kristiansand. Nils Vogt var far hans.
Vogt vart student frå Kristiania katedralskole i 1880 og cand. jur. i 1885. Åra 1886-92 var han redaktør av Christiansands Tidende og 1892-97 generalsekretær i Det konservative centralstyre (Høgre). 1898-1900 var han redaksjonssekretær i Morgenbladet, medan han 1901-03 var overrettssakførar i Kristiania.
Vogt var statsråd i Francis Hagerups koalisjonsregjering frå 1903, fyrst som medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm deretter sjef for Handelsdepartementet. Vogt fungerte for Michelsen-regjeringa som ein slags sendemann i Stockholm sommaren 1905, dette for å sondere dei svenske vilkåra for å godta ei unionsoppløysing. Han var ein av dei fire norske delegatane ved forhandlingane i Karlstad i september 1905.
Frå 1906 til -10 var Vogt Noregs sendemann i Stockholm. Sidan 1910 var han i tilsvarande stilling i London. Denne posisjonen hadde han til 1934.
Han døydde i Oslo i 1947.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- NBL-artikkel om Vogt, skriven av Terje Bratberg.