Belyj i Tver oblast
Utsjånad
Belyj Белый | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
Første nemnt i | 1359 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
3 773 | ||
Koordinatar | 55°50′00″N 32°56′00″E / 55.83333°N 32.93333°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC 3) MSD (UTC 4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | 482502 |
Belyj (russisk Бе́лый) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 3800 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Obsja, rundt 220 km sørvest for Tver.
Belyj er det russiske ordet for «kvit», men det er ukjent kvifor byen har fått dette namnet. Han vart første gong nemnt i 1359 som eit fort i fyrstedømmet Smolensk, og som hamna under Litauen ved slutten av hundreåret. På 1400-talet vart han eit sete for Belskij-greina av det herskande Gediminide-dynastiet. Byen vart erobra av Storfyrstedømet Moskva i 1503. Tre år seinare bygde dei ei stor borg, som litauarane omleira i 1508. Byen hamna igjen under Det polsk-litauiske samveldet mellom 1618 og 1654.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Belyj i Tver oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.