Hopp til innhald

Beauvais

Koordinatar: 49°26′05″N 02°05′18″E / 49.43472°N 2.08833°E / 49.43472; 2.08833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beauvais
Cathédrale de Saint-Pierre i Beauvais
Cathédrale de Saint-Pierre i Beauvais
Cathédrale de Saint-Pierre i Beauvais
Byvåpenet til Beauvais
Byvåpenet til Beauvais
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Oise
Geografi
Flatevidd 33,31 km²
Flatevidd
 - By

33,31 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

54 100
  1 663/km²
59 003 (1999)
100 733 (1999)
Koordinatar 49°26′05″N 02°05′18″E / 49.43472°N 2.08833°E / 49.43472; 2.08833
Høgd over havet 67 m m
Tidssone CET (UTC 1)
Diverse anna
Heimeside: www.beauvais.fr

Beauvais er ein by og kommune nord i Frankrike og préfecture (hovudstad) i departementet Oise i regionen Hauts-de-France. Byen har om lag 55 000 innbyggjarar, medan storbyområdet om lag har 100 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 90 km nord for Paris.

Beauvais ligg ved foten av dei skogkledde åsane på den venstre breidda til elva Thérain, der ho renn i hop med Avelon. Dei antikke festningsvollane har vorte øydelagd og er no omringa av boulevardar. I tillegg er det store opne gangstiar nordaust for byen.

Beauvais var av romarane kjend som Caesaromagnus (men i mellomalderen vart namnet skrive Bellovacumlatinsk), og fekk det noverande namnet sitt frå den belgisk stamme kalla Bellovaci, som hadde hovudstad her. På 800-talet vart byen eit grevskap, som i rundt 1013 gjekk vidare til biskopane i Beauvais, som vart franske likemenn frå 1100-talet. Ved kroninga av kongane hadde biskopane i Beauvais på seg ei kongeleg kappe og i lag med biskopane i Langres løfta dei kongen frå trona hans for å presentere han for folket.

I 1346 måtte byen forsvare seg sjølv mot engelskmenna, som igjen omleira byen i 1433. Omleiringa av byen i 1472 av hertugen i Burgund har vorte kjend for dei heltmodige kvinnene, leia av Jeanne Hachette. Dette vert framleis feira kvar 14. oktober, der kvinnene vert prioritert føre mennene.

Cathédrale de Saint-Pierre

[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja St. Pierre i Beauvais er på mange måtar eit av dei mest dristige byggverka av gotisk arkitektur, og består berre av eitt tverrskip og kor med apsis og sju apsis-kapell. Himmelkvelven strekkjer seg 45 meter over golvet.

Kyrkja vart påbyrja i 1247 under biskop Guillaume de Grez over ei mindre romansk kyrkje frå 900-talet, og ho vart gjort 5 meter høgare, slik at ho vart den høgaste i Europa. Arbeidet vart avbrutt i 1284 då taket i koret kollapsa. I 1573 fall eit altfor ambisiøst midttårn saman under bygginga, og lite påbyggingar vart gjort etter dette. Tverrskipet vart bygd frå 1500 til 1548.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]