Beate
Utsjånad
(Omdirigert frå Beata)
Beate og Beathe er ein tysk og skandinavisk variant av kvinnenamnet Beata, som er hokjønnsforma av det latinske beatus, 'signa' eller 'salig'. Namnet er utbreidd på grunn av nemninga Beata Virgo, 'signa jomfru Maria'.
Beate har norsk namnedag 8. mars. Betsy og Bea er andre kortformer, medan Beatrice og Beatrix er nærskylde namn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet Beate er kjend frå 1200-talet, men har vore lite nytta i Noreg. Det tok til å veksa i utbreiing på andre halvdelen av 1900-talet, med ein topp på 1970-talet då over 0,4 % av nyfødde jenter fekk namnet. I 2009 var det 4 465 kvinner som heitte Beate i Noreg. 680 heitte Beathe og 347 heitte Beata.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Beate Børresen (f. 1947), norsk forfattar
- Beate Strindberg (f.1956), norsk grafikar
- Beate Eriksen (f. 1960), norsk skodespelar og regissør
- Beate Grimsrud (f. 1963), norsk forfattar
- Beate Gangås (f. 1963), norsk likestillings- og diskrimineringsombud.
- Beate Gütschow (f. 1970), tysk kunstnar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Beate hjå Statistisk Sentralbyrå
- Delar av denne artikkelen bygger på «Beate» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2009.