Bear Peninsula
Utsjånad
Bear Peninsula | |||
halvøy | |||
Topografisk kart med skala 1:250.000 av Bear Peninsula.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Ellsworth Land | ||
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 74°35′S 111°00′W / 74.583°S 111.000°W | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bear Peninsula 74°35′00″S 111°00′00″W / 74.5833°S 111°W | |||
Bear Peninsula er ei halvøy 48 km aust for Martin Peninsula på Walgreen Coast i Marie Byrd Land. Ho er kring 80 km lang og 40 km brei og er isdekt utanom fleire isolerte klipper som stikk opp av isen.
Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken av USN Operasjon Highjump i januar 1947. Ho vart namngjeve av US-ACAN etter isbrytaren USS «Bear». Det vart gjort tre flyturar frå dette skipet og under ein av desse i februar 1940 vart Walgreen Coast og Thurston Island oppdaga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bear Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2013.